Innflytting i den nye leiligheita

Hei

Håpar de har det bra.

Lenge sidan eg har oppdatert her inne no.

I forgje veke overtok vi den nye leiligheta, men vil blir litt forsinka med innflyttinga då det har vørt litt forsinkelse og problem med levering av kvitevarene og vi ville helst ikkje flyttte så mykje før kvitevarene var på plass, så vi bur i den gamle leilheta fremdeles. Er berre oppvaskemaskin og komfyr som ikkje har blitt levert enda, men dei blir for håpentleg vis levert på onsdag, så då blir dei montert på torsdag. Vi har bestilt flyttebil på torsdag så då blir den gamle leiligheta tømt.

I morgon reiser vi ein tur på ikea også flyttar vi litt ting sjølv både i morgon og ondag,slik som kle og litt småting.

Mamma og pappa er også her på austlandet denne veka så dei kjem oppom oss ein tur på onsdag.

Gledar meg til denne veka er over, då det har vore litt stress i forbindelse med kvitevarene. hadde først blitt lova at det skulle bli levert i dag, men så fekk vi ny beskjed oma t det vart u forsinka. har no heldigvis fått kjøleskap og vaskemaskin så vi kan no i allefall ete mat der også får vi heller kjøpe ei lita bærbar kokeplate om det skulle bli meir forsinkelse med kvitevarene, men håper ikkje det skjer og eg kjenner eg ikkje heilt greier å slappe heilt av før det er levert og montert.

Det var alt for i dag. Vi snakkast.

Å veje farge og interiør i ein leilegheita , det er ikkje alltid lett

Hei.

Håpar de har hatt ein fin ferie så langt.

No er det ikkje lenge igjen til vi skal overta leiligheta og det er faktisk ikkje lenge igjen til somaren er over heller. Dei siste vekene har sommarværet  variert litt og eg føler vel at hausten nesten er kome alle reie.

Denne veka var vi å bestilte sofa, spisebord og stolar til den nye leilegheita. Vi valgte å kjøpe  hos møbelringen, då hadde vi moglegheit til å velje stoff og farge sjølv. Men det å skulle bestemme seg for kva farge og stoff ein skal ha det er ikkje lett. Så måtte ha eit par dagar å tenkje på før vi bestemte oss.  Når man skal velje  kva farge ein skal ha på sofaen og stolane, så var det jo mange andre ting eg tenkte på, blant anna kva farge ein skulle ha på pynteputene, interiør og gardiner i leilegheita og kva som passa saman. Vi enda med å gå for ein lys grå sofa med litt svart i seg også valte vi svart spisebord og grå stoler. Gjekk for grått og svart då det storsett passar dei fleste fargar også får vi heller tar  val av farge på interiøret  då vi har flytta inn. Når  man skal kjøpe noko nytt noko så er det ikkje alltid man finner noko med ein gang, men då vi var hos møbelringen for å sjå på møblar så falt vil begge for den første sofaen vi satt oss ned i for å prøve sitte og i tillegg så var den god å sitte i og passe stor til oss. Val av spisebord var også eit ganske lett val, sjølv om det blei ei litt anna overflate på bordet ein det eg hadde sett for meg. Det var verre med val av spisestolane og kva farge og stoff ein skulle ha på dei.  Må innrømme at eg går og grubla på det enda om ein gjorde rett val og om ein burde ha tatt eit anna stoff. Ho i møbelbutikken anbefalte stoffet på stolane som vi valgte, så håper det blir bra. skriver eit nytt innlegg og legger ved bilde når vi har fått møblande på plass og fått flytta inn. Dei bilda eg tok av stoffet/farane vi lagte var ikkje så veldig fint, så ventar med å legge ut bilde.

Vi må også ut å sjå på både nytt kleskap og litt andre ting som vi trenger. Har heller ikkje begynt å pakke ned noko av tinga våre enda, men tenker å begynne den veka skulane byjar.

Elles har eg vore å klipt håret denne veka.  Var veldig godt å få klipt seg, då håret var blitt veldig langt og slitt.

For to veker sidan var foreldra mine ei tur på besøk og vi var ute å åt middag med dei. Foreldra mine kjem ned igjen då vi har fått flytta tinga våre. Dei skal hjelp oss å male veggane i gamle leilegheita før vi sel den.

Komande veke tar vi som den kjem.  Mulig vi skal treffe eit vennepar, elles blir det litt rydding og sortering i leilegheita og muligens ein tur til ikea.

Det var alt for i dag. Nyt dei siste veke av ferien.

Vi snakkast.

Kake i somarvarmen

Hei

Håper de har hatt ei fin helg.

Som eg fortalde i siste innlegg så lagde eg ei kake før somarvarmen kom. Har hatt lenge tenkt eg skulle teste ut ei oppskrift som eg har laga sjølv og i og med eg hadde litt sjokolade til overs så var det greitt å få brukt den opp før eg flytta.

Kaka består av kjeksbotn, karamellisert kvit sjokolademousse og rabarbragele på toppen.

Hadde jo ikkje noko planar for denne kaka, då det i utgangspunktet berre var å lage karamellisert kvit sjokolade eg hadde tenkt å teste ut og sidan eg hadde laga ei oppskrift på karamellisert kvit sjokolademousse så enda eg opp med å teste det ut.

Kaka var veldig god, men smaken i rabarbra geleen forsvann litt, så kjente ikkje så mykje av smaken, så neste gang vil eg heller lage noko friskt som eg kan ha inni kaka eller at eg burde ha laga rips eller bringebærgele på toppen i staden for. om eg skal karamellisere sjokolade igjen, så vil eg bruke ei eldfast for i steden for bakebrett med bakepapir, då eg ikkje fekk  røyrte godt nok heilt ned i botnen under karamelliseringa fordi bakepapiret sklei litt. Hadde nok mousse så laga eit par små kaker også som eg tok bilde av slik at de fekk sjå korleis den var inni.

Hadde i utgangspunktet tekt å ha rabarbra som var litt raudare i fargen, så toppen blei ikkje heilt slik eg hadde tenkt og eg fekk ikkje heilt til pynten slik eg hadde tenkt, men er elles fornøgd med kaka sjølv om utsjånaden blei litt kjedelig og trist. Dette blir nok den siste kaka eg laga i denne leilegheita før vi flyttar. Var litt i tvil om kva eg skulle ha på toppen av kaka men hadde i utgangspunktet bestemt meg for å ha noko med rabarbra på toppen(om eg fekk tak i det på butikken) då eg aldri har laga noko med det før og eg ikkje har smakt det sidan eg var ungdom og budde heime. Til neste år kjem eg nok til å sjå om eg får kjøpt ein anna sort rabarbra og også vil eg prøve å lage noko med rips, det har eg heller ikkje laga før. Har også litt andre ting eg vil forsøke og lage, men det blir ikkje før til hausen/jul.

I morgon skal eg begynne på konfirmasjon kortet eg skal lage. Synes det er greitt å få det ferdig  før min sambuar ta ferie og vi byrjar å pakke ned til fyttinga.

Det var alt for i dag.

Snakkast.

Flotte og varme dager

Hei.

Håper de har det bra i varmen.

I dei to siste vekene har det vore veldig varmt dei fleste plassar i landet og sjølv om det er deilig med varme, så synes eg det har vore alt for varmt, så håper det blir litt mindre varmt til veka. Litt mindre varmt i dag ein det var i går.

Denne veka var vi på forhands befaring av leiligheita vi skal flytte inn i og eg synes  leiligheita vår var finare ein den vi var på visning i då vår låg i ein annan vinkel. Leiligheita er jo for såvidt ferdig, men det gjenstår arbeid i fellesområde, men eg kunne gjerne ha tenkt meg å flytta inn med ein gang.  Var litt småting i leiligheta som måtte fiksast på men elles såg alt ganske bra ut. Kunne ynskje at det eine badet var litt større, men kan ikkje få alt eg ynskjer meg heller. Leiligheta var heldigvis ikkje like varm som det er i den leiligheta vi bur i dag også var det veldig god lydisolasjon. Håper dei neste månadane går veldig fort.  Når min sambuar tar ferie om 4 veker, skal vil ut og sjå på ny sofa og spisebord og litt andre ting som må kjøpast inn. Held også på å sjå på ulike løysingar for meir  benkeplass og oppbvaringsplass på kjøkkenet då eg synes det var l noko som mangla. Hadde først tenkt å bestille en liten kjøkkenøy  i lag med kvitevarene, men fann ut at vi venta med det og det var lurt for det var jo ikkje plass til noko øy.  Kjeme til å vente med å bestille til vi har flytta inn.

Elles denne veka, har eg sendt inn ei klage i forbindelse med behandling situasjonen min då eg føler meg feiltolka og feilvurdert, så venter på svar der. Eg gjer meg ikkje med den saken der.

Komande veka har eg ikkje noko planar. Tenkte eg skulle byrje å lage kortet til konfirmanten som skal konfirmerast i september elles har eg ei testkake i frysaren som vi skal  smake på neste helg.  Hadde noko sjokolade til overs frå 17 mail kaka såm eg brukte opp. Var greitt at eg fekk brukt den opp før varmen kom, for elles hadde den smelta. Må lage noko til toppen av kaka også, då eg vil ha noko friskt på toppen. Og bilde og innlegg om kaka kjem til helga.

Det var alt for i dag.

Håper de får ein fantastisk fin somar og at ferien blir like fin  sjølv om mange må feriere i Norge i år.

Draumen om å oppelve å bli mor

Har tenkt å skive dette innlegget lenge, men har utsatt det då det følast meir riktig å skrive om det no.

Etter eg bli sjuk igjen så har ynskjet om å bli gravid blitt større og større og kvar gang eg treffer venner og kjente som har fått barn, så kjem det mange tankar og følelsar.

Men det siste året har eg tenkt mykje på eg nokon gang  kjeme til å oppleve å bli mor. Eg  må i alle fall gå opp  5-6 kg kg før vi kan prøve å få barn, men så tenker eg mykje på om eg greie å gå gravid i 9 månadar når eg slit med å  få i meg meir mat og legge på meg pga kontrollbehovet og spiseproblematikken. Og kva med når ungen kjem ut, passar eg som mor og greier eg å ta vare på eit barn pga kontrollbehov, stress og usikkerheten. Om eg aldri får den rette hjelpa eg treng til å få det betre så veit eg ikkje om det er mulig for meg å få barn og eg tenker jo på det økonomiske også om vi har råd til å få barn.  Så dette er ein trist tanke å bære på at eg kanskje aldri kan bli gravid. 

Det hadde jo vore greitt å hatt ein jobb også før ein får barn for økonomien sin del, men også pga at eg skal ha noko å gå ut av døra for og min sambuar får jo heller ingen lønn under pappapermisjonen om eg ikkje har noko jobb og eg veit jo heller ikkje om eg kjem meg ut i jobb igjen.

Dette er noko eg går å tenke veldig mykje på og eg føler draumen er knust, men eg skal kjempe uansett kor humpete veien er og eg skal ikkje slutte å håpe heilt enda, då eg har jo lest om folk som har blitt gravid med spiseforstyrrelse og greid seg bra og mange har jo blitt gravid når dei er over 40 år, så håpet er ikkje heilt ute enda sjølv om det følast slik i dag.

Legger ved eit bilde av eit klesplagg eg brukte då eg var baby. Systra mi har lånt mine kle til sine døtre også fekk eg det tilbake for ei stund sidan. Mamman min har tatt vare på mykje av både kle og andre ting som vi hadde når vi var små og det er gode minner å ha. Eg har jo helst lyst på to barn, men, blir glad for et barn også, men om noko gang få oppleve å få ei jente, så skal eg ta i bruk dei klea som eg brukte når eg var lita jente.

Om det nokon gang vil skje at eg bli mamma ein gang så skal eg også ta i bruk barnevogna som har gått i arv. Den er 44 år gammal snart. Det einaste som har vore byta på den er hjula også er vel puta på innsida skiva ut, men elles er den like fin.

Så skjedde det igjen

Hei alle saman.

Håper dykk har det fint.

Her har ikkje dei siste veke vært så veldig bra og  spesielt den siste vek har det vore 3 turar ned i kjellaren.

For nokre veke sidan fekk eg beskjed om at eg ikkje får noko meir behandling hos min behandlar. Har fått beskjed om at det eg slit med så mykje at dei ikkje kan hjelpe meg. Min behandlar meinar også at eg ikkje greier å forandre meg og at eg ikkje greier å forandre på rutinar og liknande, men det er berre tull og tøys i  mine auger, eg trenger berre å gjere det ved små skritt. Så dessverre skjedde det igjen at eg nok ein gang  har blitt skuffa og lyset i tunnellen er slukka. Hadde min siste time denne veka, men sjølv om eg forsøkte å forklare meg og viste at eg at eg var frustrert, så blei eg møtt av ein kald vegg. Var også til legen min denne veka, men følte eg blei møtt av ein kald vegg der også, men det er jo typisk meg å ta opp forskjellane ting også blir det viktigaste nedprioritert.

No veit eg ikkje om eg får noko nytt behandlingstilbod seinare og eg veit sannleg ikkje om eg nokon gang vil bli noko betre, men  håper eg kan få ein ny start i den nye leilegheita.

Kjenner eg sit med tårer i augene når eg skiver dette, men eg er veldig oppgitt og så frykteleg lei av å  få forhåpningar, bli skuffa, og deretter bli kasta ut på isen igjen. Også må eg begynne på nytt  igjen og igjen.

Sjølv om eg har lagt inn eit lite ekstra måltid, så  viser det ikkje noko på vekta enda og eg veit  eit eg må gjere jobben  sjølv, men synes det er rart at eg blir nekta den hjelpen eg treng for å greie dette og i tillegg så blir eg nekta å bli henvist.

Sjølv om det blir ein liten pause til over sommaren, så skal eg forsette å  kjempe  uansett om eg må kjempe for resten av livet.

Komande veke har eg ingen planar. Skulle eigentleg klippe meg til veka, men frisøren min er blitt sjukemeldt, så eg må vente til juli før eg får klippa meg. Angra litt på at eg ikkje bestilte meg time då dei opna frisørsalongana igjen, men gjort er gjort.

Sjølv om det blir ei pause frå behandling så skal egg forsette å oppdatere dykk og komme med innlegg.

Det var alt for i dag. Ha ei fortsatt god pinse.

Vi snakkast.

17 mai kake 2020

Årets 17 mai var litt spesiell for alle og kanskje litt rar då dagen var på ein søndag. Men eg håpar at de hadde ein fin feiring uansett. Vi var heime for oss sjølve, men hadde oss ein lite gå tur ut.

No til kakeprat. Det er mange kaker eg har lyst å bake, men har funne ut at eg treng større benkeplass for å lage dei. De fleste kakene er pga pynten, men nokon er pga fyllet og andre er pga dei ikkje toler å stå så lenge før dei må etast, så dei kakene får vente til eg bur i ny leilegheit. Har veldig lyst å prøve å lage terte ein gang

Då eg skulle  bestemme meg for kva kake eg ville lage hadde eg veldig lyst å lage ei rabarbra kake, men sidan den norske rabarbraen ikkje har kome i butikken enda, så fekk eg ikkje laga det. Hadde også lyst å lage ei creme brullekake, men eg fann ut at eg treng litt betre kjøkkenplass for å lage den kaka og i tillegg så tenker eg det er greitt å  lage den kaka ein annan gang då det trengs litt planlegging også ville eg ikkje fylle opp gassbrennaren min no rett før vi skal flytte.

Så det endar derfor med kakeval nr 3 som består av pistasjebunn, jordbærkompott og limemousse. Pynta med kvit sjokoladekrem, kvit sjokolade og hakka pistasjenøtter

Oppskrifta på pistasjebunnen og kompotten er henta frå https://dittejulie.dk/2019/06/rabarberlagkage-med-vanilje-og-pistacie/. Limemoussen er henta frå http://majavase.dk/opskrifter/limemoussekage-med-hvid-chokolade-og-basilikum/ og den kvite sjokoladekremen er henta frå https://www.livmartine.dk/2017/10/glutenfri-chokoladekage-2/ 

Sjølve laginga av kaka gjekk veldig bra, sjølv om eg sleit litt med å holde kakeplasten på plass då eg skulle fylle moussen i kakeringen også burde eg ha  hatt ein mindre kakering, då brunnen var litt mindre. Begynte også tenke på når eg fylte kaka  at kvifor festa eg ikkje kanten på kakeplasten med littglukose slik at han held seg på plass, det skal eg gjere neste gang.

Då eg skulle flytte kaka  over på kakefatet og pynte den så fekk eg litt utfordringar. Sleit veldig med å få av kakeringen og i tillegg så knakk den sjokoladedekoren eg skulle bruke, då eg hadde laga den litt for tynn så då blei det plan B, (eller eigentleg plan C når eg tenkjer meg om).  Hadde eigentleg tenkt å ha noko jordbær på også, men fekk ikkje tak i jordbær som hadde lokk over boksen. Muligens eg kunne berre ha pynta kanten eller eg eg kunne ha laga ein litt mindre ring av sjokolade, men eg hadde ikkje mindre  kakeringar og det er jo typisk meg at eg tenker alltid etter, på kvifor gjorde eg ikkje, det kvifor pynta eg ikkje på den måten og kvifor tenkte eg ikkje på det.

Lærte litt nytt også. Eg har jo aldri laga kame med kompott innlegg før, men da vi skulle smake på kaka, så eg at det hadde rent ut mykje jordbærsaft frå kompotten i kake eska og det er pga vatnet som har kome ut i frå bæra, så neste gang må eg bruke litt meir gelatin eller bruke syltesukker eller nok som blindar vatnet frå bæra saman slik at det ikkje skjer igjen, men kaka var veldig god på smak.

Har også funne ut at eg treng å kjøpe meg ein juster bar kakering samt fleire springformer i forskjellige størrelsar slik at det blir lettare å kaka ut.  Men eg får vente med det til vi har flytta inn i ny leilighet

Legger ved bilder av sjokoladedekoren som eg forsøkte meg på. I utgangspunktet hadde eg tenkt å  lage den øvste ringen som eg kunne sette på kaka også hadde eg tenkt å  fylle med jordbær inni, men sidan eg ikkje fekk tak i jordbær hadde eg tenkt å lage ein tynnare ring av den  flater ringen(den som er heilt nede) men da den ringen som eg laga på nytt knakk, så måtte eg finne på noko anna. Hadde eg hatt plass så hadde eg tatt vare på den sjokoladepynte, men eg hadde ikkje noko plass å lagre dei og på kjøkkenet er det for varmt.  Hadde eg hatt tid, så hadde eg laga pynten på nytt igjen, men eg orkar ikkje, då det blei for mykje stress og det var masser rot på kjøkkenet. Tenkte på  det i sta at eg kunne jo berre ha gått for plan A også kunne eg i steden for jordbær fylt sjokoladeringen med makroner og noko anna pynt. Det skal eg prøve på ein annan gang og eg har eit mål for at eg skal få det til.

Gleder meg til eg kan begynne å jobbe meir med kake oppskriftene mine i den nye leiligheta. Har begynt å bli litt rot i dei no, så må få samla dei, samt eg skal lage meg ein oversikt over kaker eg kan bake til 17 mai/påske og andre spesielle dagar.

Neste år skal vi feire 17 mai i ny leilighet og då blir vi kanskje litt fleire også, så da må eg kanskje bake  ei ekstra kake. Til neste år trur eg kjem til å lage ei lagkake, men det er lenge til så treng ikkje å tenke på det enda.

Det var alt for i dag. Håpar de får ein fin veke. Vi snakkast.

PS. Nye oppdateringar kjem i neste veke.

Vår og litt betre dagar

Hei alle saman!

Håpar de har det fint.

For eit fantastisk vår vær vi har hatt her i Oslo dei siste vekene, måtte det berre fortsette. Sjølv har eg vore litt meir ute denne veka ein det eg var i starten då eg føler det er litt meir tryggare å bevege seg ut, men eg held fortsatt litt avstand. Føler det går litt betre psykisk med tanke på corona situasjonen, men eg er jo litt redd for å bli sjuk enda, men det er det jo berre ikkje eg som er.  

I og med ein kan begynne å gå til behandling, frisørar og liknande frå i morgon av, så  fann eg ut at eg måtte ringe ned til behandlaren for å høyre kva som skjedde vidare angåande behandling, då eg ikkje hadde høyrt noko enda.  Fekk beskjed om at i starten så vart det time over telefon, så skal ha telefonmøte med min behandlar neste måndag. Eg skal skive opp det eg har planlagt å sei. Håper eg ikkje begynne å rote det til igjen, men føler det kanskje blir litt lettare å sei det over telefon, då  er det jo lettare å ta fram notatarket. Har også tenkt å høyre med legen min om å unne få noko meir undersøkelse i forbindelse med magen/tarmen, men  trur eg ventar til etter eg har hatt samtale med behandlaren.

Elles denne veka har eg  jobba litt med kakeoppskrifter, planlagt kake  til 17 mai også har eg testa ut noko sjokoladedekorasjonar og ei sjokoladekremoppskrift. Meir info om kva kake det blir, kjem  etter 17 mai. Denne gangen kjem eg nok til å pynte den dagen før og eg har ein plan for korleis eg ska pynte den også ein  plan B i tilfelle eg ikkje får tak i det eg trenger på butikken. Må nok teste ut og lage sjokolade dekorasjonen ein gang til  før eg lagar den eg skal ha til kaka.  Kjenner det var godt å være litt meir  ute denne veka, sjølv om det berre har vore bort til posten og litt ærend på nokre butikkar i nærheten av heimen så var det å berre får seg ein gåtur veldig godt, spesielt no når det har vore så fint vær.

Fekk også vit denne veka at vi skal overta leilegheita i veke 38. Eg gledar meg. Har også begynt å sjekke litt på nettet etter spisebord og sofa vi må kjøpe til den nye leiligheta, så vi skal ta oss ein tur til møbelforretningane i sommar for å sjå. Går jo også å tenke på kva fargar eg vil ha i stua, men trur eg må finne litt inspirasjon på internett for det blir ikkje enkelt å finne ut kva ein vil ha.

Kommande veke blir eg nok mykje inne. Har litt småting som må gjerast her i heimen. Elles skal eg prøve å lage sjokoladedekorasjonen på nytt også tar eg veka som den kjem

Forgje laurdag var noko vi kjenner som fekk seg ein son for ein månad sidan oppom oss ein snart tur. Var veldig kjekt å helse på den lille. Blir veldig babysjuk  og det kjem veldig mykje tankar når eg helder på slike små.

Håper de har hatt ei fin veke og at den nye veka blir like fin.

Vi snakkast.

Hei!

Håpar de har hatt ei fin påske.

Fekk laga kake i år også og eg fekk tatt blide av den. Er spent på korleis kaka er i dag, då den ikkje var heilt ting i midten.

Då eg byrja å tenke på kva kake eg skulle lage til påske, var mi første tanke å lage ein forbetra versjon av appelsinostekake eg laga til jul, men så tenkte eg at eg hadde heller meir lyst på ei  gulrotlangpanne kake, men så tenkt eg kva om eg laga ei gulrotlangpannekake, også tar eg litt av botnen og lagar ei appelsinmousse på toppen så då enda eg med det sjølv om ikkje alt gjekk som det skulle.

Gulrot, appelsin, sitron og pasjonsfrukt synast eg passar påsken til og denne kaka består av gulotkakebotn med appelsinmousse pynta med kvit sjokoladekrem, heimelaga påskeegg av kvit modellering sjokolade og crispy bites kuler av spesialmoments.

Var litt uheldig med moussen denne gangen då det gjekk litt for fort i svingane. Eg piska kremfløyten litt for lite og då eg skulle vende inn kremfløyten i  yoghurt og appelsinblandinga, så i staden for å vende inn litt og litt krem, så kom eg i skade for å blande inn all kremen med ei gang og då eg skulle helle moussen i kakeringen så  hadde eg ikkje fått blanda alt godt nok, så då måtte eg ause litt ut igjen frå kakeringen, blande det med resten av det som  ikkje var blanda ned i bollen før eg kunne fylle kakeringen på nytt. Gulrotkaka kunne eg hatt inni nokre min lenger i ovnen. Kaka vart også litt høgare ein planlagt  pga stresse. Då vi smakte på kaka, såg eg at  moussen var litt laus, i konsistensen og det er nok fordi at appelsinlandinga med gelatinen ikkje har fordelt seg i heile moussen og smaken kom ikkje heilt fram heller. Når det skjer slike ting der ting ikkje går etter planen, så skulle eg ønske at eg kunne laga det på nyt, men det kan eg ikkje gjere og i tillegg så blir eg så frustrert og irritert på meg sjølv når det ikkje går etter planen, men som oftast så går det betre ein det man tru. Eg fekk i allefall pynta den nesten slik eg hadde tenkt, sjølv om eg fekk lagt pynten litt rotete på då stresset og angsten tok meg, men eg angrar litt på at eg ikkje berre pynta kanten rundt,  som først tenkt, men sidan eg hadde ein god del sjokoladekrem til overs så tenkt eg at det var greitt å få brukt den opp, men ser at det hadde vore finast med berre rundt kanten. Stresset tok meg fordi eg valde å pynte den rett før servering pga at crisby bites kulene ikkje skulle farge av i kjøleskapet, men seg ser at eg burde ha pynta kaka ferdig før og heller lagt på kulene rett før servering, det hadde vore mykje enklare.

Eg fekk også laga på nytt den modellering sjokoladepastaen som ikkje vart vellykka sist. (har usett det fleire gangar no), men denne gangen fekk eg muligheit igjen og det gjekk bra denne gangen. Hadde i utgangspunktet tenkt å lage nokre  kyllingar av den sjokoladepastaen, men sidan eg ikkje hadde  fleire eingangshanskar og eg ikkje rakk å hente dei nye hanskane på posten før påska, då satt eg mannen til å  forme egg.  Sidan eg har såre fingrar så må eg ha hanskar eller plastpose over hendene og det å lage kakepynt med tore plastpose over hendene det gjekk ikkje.

Oppskrifta på gulrotlangpannekaka er henta frå idagranjansen.com, oppskrift på moussen er henta frå annemettevoss.dk og oppskrifta på kvit sjokoladekrem og modelleringsjokolade er henta frå livmartine.dk og @kagetid. Crispy bites kulene er kjøpt hos cacas.no

Må kjøpe meg nokon mindre steikformer til botnane mine, då både langpanna og dei runde formene er litt for store, men  må vente til vi får flytta inn i ny leilegheit då eg ikkje har plass til meir bakeutstyr.

Kaka var no i allefall god sjølv om mossen var litt laus og det ikkje gjekk etter planen, men trur eg vil ha i enda litt meir sitron for å få litt meir syre i den. I utgangspunktet var det vanilje i oppskrifta, men eg byta den ut med sitron.

Den 17 mai blir det ei annleis feiring for heile Norge, men kake skal det bli. Er litt usikker på kva kake eg skal lage enda og eg er ikkje heilt sikker på korleis eg skal pynte den enda, men eg får tenke litt på det.

Elles har påska vært ganske fin. Vi har berre vore inne og kosa oss. Foreldrene til mannen var ei tur oppom oss på fredag. Vi  berre prata litt utan for oppgangs døra og vi holdt litt avstand utan klemming. No er påska over og resten av veka tar eg som den kjem.

Det var alt for i dag. Ha ein fin veke.

Påske

Hei alle saman

Håpar de har det bra

No er påsken her og det blir heimepåske for alle grunna korona viruset

Eg har det ikkje så lett psykisk fortida og har hatt meg  eit par samanbrot alle reie.  Ting blir litt ekstra vanskelig for meg i forbindelse med kornakrisa, det kjende eg på i dag  når vi var på  butikken og skulle kjøpe inn mat og middag til påske og det var utseld for mykje av det vi skulle ha og  det er ikkje så lett å skulle finne på ein plan B heller når det gjelder maten fordi eg tenker for mykje, blir usikker også er det ikkje  alltid lett å finne på noko anna til for eksempel middag og det er jo dette med tilbehøret som er verst, då eg er opptatt av at de skal være variert også må det plasse saman. Føler påska i år ikkje blir like kjekk, men skal prøve å gjere den så bra som mulig sjølv om eg kjenner  at angsten sit litt magen pga forandring i matplanen. Er veldig takknemlig for at eg har sambuaren min i desse tider men også når ting blir ekstra vanskelig.

Både i går og i dag laga eg kake til påske som no står i frysaren. Planen for påskekaka var litt enda, men hadde ikkje bakelykka  med meg denne gangen og ting gjekk ikkje som det skulle, trulig nok pga at eg har det litt vankelig psykisk, men kaka står no i frysaren så får eg sjå om den står oppreist når den tinar eller om den flyt ut over. Kjem eige innlegg om kaka over påska (bilde kjem dersom eg får pynta den og den ikkje flyt ut over)

Kjenner eg er lei denne situasjonen vi er i no og eg veit jo heller ikkje noko meir i forbindelse med behandling situasjonen min.

Må bruke lit tid både i dag og i morgon å finne på Plan B for eit par middagar i påska, då dei var heilt utseld for lammekjøt.  Elles skal eg prøve å komme meg ein  ut på ein spasertur i løpet av påska, då eg har godt av å komme meg ein  tur ut.  Ser også fram til å flytte inn i ny leilegheit, men var litt bekymra for at byggeprosesen vart forsinka pga viruset, men vi har fått beskjed om at det går som planlagt også får vi vite etter påske om kva dato vi kan overta. Eg gleda meg så sjukt. Gleda meg til å få større plass til oppbevaring av matvarer, men også større plass generelt.

Det var alt for denne gang.

Ønsker dykk eir riktig god påske.

 Vi snakkast.